Når me reiser til Grønland skal me gå ei rute som er litt mindre brukt enn den klassiske "Grønland på tvers ruta". Denne ruta går frå aust til vest i staden for omvendt, og me skal gå på hausten. Rutene har uilke føremunar, og ulike utfordringar knytt til seg, likeins vår og haust. Sjølv om Nansenruta har eit historisk sus over seg, er det kanskje først og fremst variasjonene byd på, på denne årstida, som freistar oss mest.
Etter mykje logistikk med bagasje og eit miniopphald på Island, landar me vonleg i Kulusuk på austkysten av Grønland omlag 18 august. Derfrå flyg me viare med helikopter til Tasiilaq.
Tasiilaq Foto: The arctic journal |
I Tasiilaq gjer me siste rest av førebuingar, før me båtar avgarde til Isortoq og vidare langs kysten til Umivik. Det går føre seg i eit tempo bestemt av ver og føre på sjøen, men vonleg har me første natt på isen ved Umivik 20-21 august. Det vil seie, om me overhovudet kjem oss frå austkysten.....fleire av oss er like spente på austkysten som på resten av ferda, og kjenner eg meg sjølv, kan eg ratt verte freista til å bli verande att!
Grov oversikt over reise- og skirute |
Frå Umivik på austkysten ventar det oss ein stad mellom 21 - 25 dagar på ski, der me etter eit litt kronglette brefall står på toppen av Austmannadalen, på vestkysten. Der ventar det oss tre dagar med vandring. Draumen går i ishavsrøye i meierismør, salt og pepar, gode bål, og ein visitt ved Nansens gamle teltplass samt restane etter vikingbusettingane som finnast der. Vel ute av dalen vert me plukka opp av båt og skyssa til Nuuk. Der er det vel store sjangsar for at me fleskar til med biff og bernaise :)